Ein tynnkledd og uflidd mann bomma på bussdøra. Eg klarte ikkje ta augene frå stråhatten med rosa pynteband han hadde plassert oppå capsen sin. Då han hadde funne døra og komt seg inn, sette han seg ned, og det såg ut til at ferda til bussen hadde kosta mykje. Dei skjelvande hendene hans fikla etter noko i lomma. Han tok fram eit flakslodd og byrja skrape. Sakte, men sikkert. Dei sløve augene jobba hardt for å halde orden på tala. Kva ville han gjere dersom han hadde flaks?
No sit eg her og lurer fælt på det same. Og på om han vann. Berre litt.