Kva gjer du når du ventar? Ei eg bur med stod og venta på bussen då ho kom i prat med ei eldre dame som stilte dette spørsmålet. Kva gjer du når du ventar?
Sjølv ventar eg mykje meir enn før. Livet i hovudstaden er hektisk, og folk har det travelt. Men likevel stoppar det opp. Ein må vente på bussen. På trikken. Eller på t-bana. Ikkje lenge, men ein må vente. Mange gongar for dag. Og kva gjer ein? Er tankane allereie heime på kjøkkenet og lagar middag?
Ei bok som ligg klar i sekken eller musikk på øyra er ofte ventetid for meg. Men best er det å sjå seg om. Ikkje gjere noko. Ikkje få dårleg samvit sjølv om du kunne ha komt ti sider lenger i ein roman som er på pensum. Ein legg kanskje merke til han som spring så fort han kan over vegen, slenger seg inn i bussen og smiler nøgd for seg sjølv fordi han rakk det. Eller han som nesten snubla i fortauskanten, ser seg rundt og har eit intenst håp om at ingen såg det. Dei får deg til å smile. Kanskje er det dette som er ventetidas funksjon. Dette som er kvalitetsventetid.
Det fyrste eg gjorde då eg såg sitatet frå Jyllands-posten, var å ta bilete av det med iPhonen min. No postar eg det på nettet, med iPhonen min. Eg sit på toget med iPhonen i handa og bloggar. Det er også ein måte å bruke ventetida på, men eg har enno ikkje studert det som er på utsida av vindauget, eller medpassasjerane mine.
