Ein tynnkledd og uflidd mann bomma på bussdøra. Eg klarte ikkje ta augene frå stråhatten med rosa pynteband han hadde plassert oppå capsen sin. Då han hadde funne døra og komt seg inn, sette han seg ned, og det såg ut til at ferda til bussen hadde kosta mykje. Dei skjelvande hendene hans fikla etter noko i lomma. Han tok fram eit flakslodd og byrja skrape. Sakte, men sikkert. Dei sløve augene jobba hardt for å halde orden på tala. Kva ville han gjere dersom han hadde flaks?
Jag står framför havet.
Där är det.
Där är havet.
Jag tittar på det.
Havet. Jaha.
Det är som på Louvren.
Göran Palm
Posta på Litteratur | Legg att ein kommentar »
Kva gjer du når du ventar? Ei eg bur med stod og venta på bussen då ho kom i prat med ei eldre dame som stilte dette spørsmålet. Kva gjer du når du ventar?
Sjølv ventar eg mykje meir enn før. Livet i hovudstaden er hektisk, og folk har det travelt. Men likevel stoppar det opp. Ein må vente på bussen. På trikken. Eller på t-bana. Ikkje lenge, men ein må vente. Mange gongar for dag. Og kva gjer ein? Er tankane allereie heime på kjøkkenet og lagar middag?
Ei bok som ligg klar i sekken eller musikk på øyra er ofte ventetid for meg. Men best er det å sjå seg om. Ikkje gjere noko. Ikkje få dårleg samvit sjølv om du kunne ha komt ti sider lenger i ein roman som er på pensum. Ein legg kanskje merke til han som spring så fort han kan over vegen, slenger seg inn i bussen og smiler nøgd for seg sjølv fordi han rakk det. Eller han som nesten snubla i fortauskanten, ser seg rundt og har eit intenst håp om at ingen såg det. Dei får deg til å smile. Kanskje er det dette som er ventetidas funksjon. Dette som er kvalitetsventetid.
Det fyrste eg gjorde då eg såg sitatet frå Jyllands-posten, var å ta bilete av det med iPhonen min. No postar eg det på nettet, med iPhonen min. Eg sit på toget med iPhonen i handa og bloggar. Det er også ein måte å bruke ventetida på, men eg har enno ikkje studert det som er på utsida av vindauget, eller medpassasjerane mine.
Posta på Kvardagen, Reise, Studentlivet, Tankespinn | Legg att ein kommentar »
Eg ser føre meg ei fotballbane, som gjerne ligg litt avsides til, slik som denne:

Bak det eine målet står eit arkivskap, der alle sakene her i verda som har merkelappen Bak mål er arkiverte. Det er mykje spanande å finne her, men me skal berre grave litt i den eine skuffa og plukke opp mappa som er merkt med Nedleggjing av Mork Rehabiliteringssenter. Då denne mappa skulle arkiverast, var det ikkje tvil om kva for arkivskap ho skulle hamne i. Bak mål var det mest nærliggjande.
Det er nemleg slik at Mork Rehabiliteringssenter i Volda er nedleggjingstrua. Alle dei tilsette står i fare for å misse arbeidet sitt, og verre er det at pasientane misser eit unikt og viktig tilbod. Mork-senteret har lang erfaring med behandling av pasientar som er råka av slag, eller som av andre grunnar har behov for rehabilitering. Kommunane har ikkje noko liknande tilbod til pasientane, og dersom senteret vert nedlagt, vil dette råke pasientane hardast.
Det er oppretta ei underskriftskampanje mot nedleggjing av Mork-senteret, og der kan ein også lese meir om saka. I tillegg kan ein melde seg inn i støttegruppa på facebook. Ver med på å støtte Mork-senteret; ei nedleggjing er heilt bak mål!
Meir om dette:
- Fryktar forhasta avgjerd
Posta på Kommentar, Samfunn | 1 kommentar »
Førre dagen kom eg over ein kjekk applikasjon for smarttelefonar; nemleg Gyldendal sin Dagens Dikt. Kvar dag får du eit nytt dikt, og utvalet inneheld både samtidslyrikk og klassiske dikt. Det er til og med gratis!
Dette er dagens dikt:
Stjerner
Barndommens stjerner levde
og eg tala med dei.
Nå lever ikkje stjernene lenger.
Kloke menn med veldige apparat
har fortalt at dei er døde.
Men det endelause rom har blitt større
og eg sit i mørkret og ser og veit
at krefter i det store mysterium
trollbind også stakkars meg
her eg trur å kunne velje min veg
på ei jord
som også er ei stjerne.
Marie Takvam
Posta på Litteratur | Legg att ein kommentar »
Det er noko med det, å liggje i senga på barneromet og klø på eit myggstikk på kneet. Det er så nært, så greit. Alt blir så enkelt. Dei store, skumle tinga er ikkje så store og skumle. Dei blir fjernare. Husleige, storby, straumrekning, universitet, økonomi, sjølvstende. Det blir litt lenger vekke, og stundom kjennest det bra. Eit lite myggstikk. Avstand frå det store og skumle.
Posta på Kvardagen, Tankespinn | 2 kommentarar »
Vil fjerne sidemålet i ungdomsskulen
Som om ikkje dette er trist nok i seg sjølv, toppar delar av kommentarfeltet det heile. Ein kan verte vonbroten av mindre.
Posta på Nynorsk | 3 kommentarar »
Det er fint å kunne setje i øyreproppane når ein sit på lesesalen, høyre fin musikk og late som om du ikkje er så omringa av folk som du faktisk er. Sitje for deg sjølv i ditt eige vesle ex.phil-univers. Tingen er berre at om ein skal kombinere lesing og musikkhøyring, kan ein ikkje høyre på kva som helst, men denne her, den er perfekt:
Så kjem det an på kor god effekt blogging har på lesinga…
Posta på Musikk, Studentlivet | Legg att ein kommentar »
Ein skal ikkje kimse av seniorkino. Det er nett som vanleg kino, berre at det går føre seg midt på dag og at du er omringa av pensjonistar som hostar litt meir enn eit gjennomsnittleg kinopublikum. På ei anna side så et dei ikkje popcorn og snop, så det kompenserer jo ganske bra for hostinga. Tommel opp for seniorkino, spesielt når dei viser Kongens tale. Dersom du ikkje har sett han, så er det berre å hive seg rundt!
Posta på Film | Legg att ein kommentar »





